Nyare hytte i fantastiske omgjevnadar i Sunnmørsalpane.
BeliggenhetStorestandal
Størrelse110m2
Bad2
Toaletter2
Sengeplasser8
Soverom3
P-plasser2
Hytta ligg på Standaleidet, 370 moh, i hjartet av Sunnmørsalpane og er eit perfekt utg.punkt for toppturar i området, både sommar som vinter.
Frå tunet er det ski in- ski ut til toppane som omkransar Standaleidet, slik som m.a Fingeren, Kolåstinden og Sætretindane, for toppturentusiastar er denne lokasjonen midt i smørauget med mange av toppane i Sunnmørsalpane kun korte bilturar unna.
Den fantastiske Hjørundfjorden ligg nokre minutt avgarde med bil, her kan en leige skyssbåt for en rundtur eller bli frakta sjøvegen til toppturar rundt fjorden og bli henta i fjøresteinane når nedkøyringa/turen er over. Leige av skyssbåt må avtalast direkte med båtførar.
Ved vinterbesøk på hytta kan det vere ein fordel å bruke bil med 4-hjulstrekk dersom ein problemfritt ynskjer å ta seg heilt til hytta med bil, dei siste 150m inntil hytta blir ikkje brøyta like ofte som Fylkesvegen.
Alternativt kan ein parkere på offentlig parkeringsplass omlag 200 meter frå hytta.
I nærområdet er det tilgjengelig to skisenter, bilturen til begge desse tek under 30 min. I tillegg til skitrekk og stolheis er det ved skisentera også gode preparerte langrennspor.
Elles er dette ein fredelig plass med fantastisk fjellutsikt og passar også fint for dei som vil nyte roa i fjellheimen.
Viss en heller ynskjer å oppleve andre attraksjonar på Sunnmøre eller i omkringliggande område, kan det nevnast at det er kort veg til Jugendbyen Ålesund.
Geiranger, Trollstigen og Atlanterhavsvegen er fine dagsturmål, og til fuglefjellet på Runde tek det omlag 1t 30 min. med bil.
Familievennlege badeland finnast både i Ulsteinvik og i Fosnavåg. Atlanterhavsparken, som er akvariet i Ålesund, er vel verdt et besøk.
Frå hytta er det omlag 18 km til tettstaden Ørsta som har kjøpesenter og elles dei fleste sentrumsfunksjonar, Ørsta har også flyplass med bilutleige.
Hytta som var ferdigstillt i 2018 har velutstyrt kjøkken og stove i romsleg opa løysing med god takhøgde, 2 bad med dusj, 3 soverom, 2 sovehemsar og sengeplassar til 8 personar.
Til oppvarming er det varmekablar i stove/kjøkken, på begge baderomma, i vindfanget og elles moderne vedovn i stova.
Kontinuerlig Wi-Fi tilgang og smartTV med Get boks.
Velkomne til eit behagelig opphald i vakre Sunnmørsalpar!
Til slutt minner vi om at vanlige reglar for ro og orden også er gjeldande i hyttefeltet, vis omsyn til naboane.
Stilletid fra kl 23:00 til 07:00.
NB! 5 netter minimumsleige i påska og i sommaresongen juni-aug.
Utvask
Ekstern utvask er obligatorisk
1500 NOK
Husregler
Ikke tillat med husdyr, ikke tillat med fester eller eventer
Fasiliteter
Tv
Internett
Vaskemaskin
Peis/ovn
Kjøleskap
Frys
Oppvaskmaskin
Stekeovn
Kokeplater
Kaffetrakter
Hage
Terrasse
Parkering
Bil kreves
I nærheten
Golf
30 km
Restaurant
20 km
Beliggenhet
Nyttig info
Ingen barneseng
Innsjekking: Etter 15:00
Utsjekking: 12:00
Sengetøy/håndkle
Sengkle kan leigast for kr 100,- pr person. Ta kontakt med Stian på 90 92 45 74 dersom dette er ynskjeleg.
Nyvaska sengkle vil vere ferdig pålagt ved ankomst :)
Sengkle må vere bestilt seinast 2 døgn før innsjekk!